www.gorilfristad/tripod.com

heim | om meg | cv07 | sponsorar | eldre nyheiter | bilete | medieomtale | askvoll | linkar

Back in buisness!

kulpingg.jpg
Klar for kulping i Bakkeelva..

Nyheiter:

26/06/08- Eg er tilbake! i jobb, litt trening, blåbæreting og bading. Deileg med sommarferie! I år på Koster, Eimind, Sælen, fjellet osv. Målet er flest mogleg netter i telt. Gledar meg til pannekaker med blåbær, sjølvfiska fisk og kosing med kjærasten.

30/01/07- Lightning Process i London. Etter ei tid med fundering og informasjonshenting har eg no bestemt meg for å ta turen til London for å bli frisk. Engelskmennene er langt framme på behandling av ME og veldig mange har fått gode resultat av The Lightning Process, utvikla av Philip Parker. Eg har snakka med fleire som har vore der og blitt bra. Nesten for godt til å vere sant, men eg trur på det. Les her om du er meir intressert: www.lightningprocess.com.

2007- Nyttår på Bakke. Eksjö-Sanda-Vålådalen, ein del gangar tur/retur. Tidleg opp for å rekke toget. Energibomber som elevar. Sommar på Island i april. Bading i varme kjelder. Shopping og sightseeng med Ingunn i London. Vi drap kvarandre ikkje... Sommar på Eimind. Bryllup til Marianne og Tor Egil. Regn, regn, regn. Tunisia, ingenting for single jenter. Lang haust med pannebandlaging, gåturar på 30 min og kafebesøk med Marianne og Ella.

23/12- Jul på Eimind. I alle år som eg kan hugse har far min fått kjeft lille julafta. Treet han har høgd ned for julehøgtida er enten for lite, for stort, er skeivt eller har for få greiner. Greinene er det ikkje så farleg med, då borar han berre hol i stammen og set inn nye... Dette året var treet han hadde sett seg ut for brunt. Eg hadde sjølvsagt klart for meg eit fyldig, grønt tre. Med konglar inkludert.  

Dagen før dagen (dvs hoggardagen) kom han stolt med årets julenummer av Firda. Der viste han fram artikkelen om fyren (ein gammal kjenning) som i 17 år hadde feira jul med styggfine juletre. Trea var henta av ein hekk som hadde vakse seg vill. Bileta viste juletre som ALDRI ville ha kome nærare stova i neset enn akkurat stova i Dale som dei jo havna. På bilda stod barnabarna hans storaugd og fotograferte "ha-ha trea" med mobiltelefonen.

No lurar du kanskje på kva som blei årets tre. Jodu, det blei ei eine som vaks på garden til naboen. Eina er tre meter høg, har perfekt kjegleform, er fyldig og fin. Faktisk det finaste treet vi har hatt! Så vi er faktisk nokon av veldig få som kan gå rundt ei enebærbusk... Og det kjem vi nok til å få høyre.

Ønskar alle ei rikitig god jul!

29/10/07- Utbrodering om ME. Eg sjølv har hatt stor hjelp av andre som har hatt ME til å finne ut kva som feilte meg og til å vite kva eg skal gjere for å bli frisk. Tenkte derfor at eg kunne skrive litt her i tilfelle det er nokon som er i same situasjon. Det er viktig å komme til legar som trur på ME og som tar ein alvorleg. Det er nok mange idrettsutøverar som slit med ME utan å få hjelp. Problemet er ofte at ein ser for sprek ut og at "utgangspunktet er for bra". Idrettsutøverar er ofte effektive og har mange ballar i lufta samtidig. Kan denne utøvaren plutseleg berre ligge på sofaen og (kanskje) sjå TV, er dette eit større fall i yteemne enn ein som normalt tilbringer det meste av tida si der. Eit anna moment er at kroppen i utgangspunktet er sterk og utholdande. Ein kan presse seg mykje meir enn "normale folk". Ein kjemper seg ned i kjellaren, og har ein ME kjem ein ikkje kjem opp igjen, iallefall ikkje på lenge...

Det er sikkert mange som kjenner seg trøtte og slitne i haustmørket, noko som også er hovudsymptoma på ME. Fullt så enkelt er det desverre ikkje, då ME oftast er utløyst av ein infeksjon (kyssesyka til dømes) og medfører drastisk nedgang i fysisk kapasitetsnivå. Symptoma er blant anna hovudverk, lett feber, søvnforstyrrelsar, irritasjon ved syns- eller lydintrykk og ognitiv svikt. Minimale belastningar kan utløyse sjukdom og langvarig symtomforverring. Dette er veldig forenkla. Føler du at det stemmer på deg, gå inn på denne sida: www.me-forening.no  

Eg har derfor hatt ein veldig roleg haust. Har trent på å ikkje gjere noko. Var på mitt dårlegaste i sommar, men er no gradvis litt bedre. Det kan gå nokre dagar veldig bra, men gjer eg for mykje då er det minst ein dag på sofaen... Det har blitt mykje bøker (kan anbefale Stieg Larsson!) og sikkert 40 hekla panneband. Det ryktast om at dei med Eimindsau designet er ettertrakta :)

För nyfikna svenskar kan jag uppsummera med att det har blivít en lugn höst för mig. Jag har varit sjukskriven för ME, ett utmattningssyndrom som jag inte rekomenderar. Håppas att läkarna i Sverige också börjar att forska lite på detta så en kan få hjälp här också. Om du eller någon du känner är jämt sjuk eller totalt utmattat, kolla inn denna sidan: www.me-forening.no

Jag har använt tiden på att ta det lugnt, läsa (rekomenderar Stieg Larsson!) och virka pannbånd. Det är väl nu uppe i 40 stk. Så nu vet alla vad dom får i julklapp...

03/10/07- Tjaha... Eg ser at det er lenge sidan denne sidan er oppdatert. Eg er framleis på Eimind. Ikkje akkurat ferie men skal kvile meg frisk. Har jo vore MYKJE sjuk det siste 2,5 året og endeleg veit eg kva det kan vere. Har alle symtom på ME, eller kronisk utmattelsessyndrom. Kvile og lite stress er einaste medisin. Har tvunge meg til time hos ein spesialist og i november kan eg endeleg vete meir om kva eg kan gjere eller ikkje.

Dei som kjenner meg veit kanskje at ro i ræva er nåke eg ikkje har og tolmodigheten min er på størrelse med ei rosin, men no får eg altså god trening med begge delar...

Drømmejobben på Eksjö OL-gymnasium får vente på meg litt til men eg håpar eg er tilbake i høst.

 

09/07/08- Endeleg heime ved havet! Har no vore to veker lengst ute i vest, nærmare bestemt Eimind i Askvoll. Her har det vore sol, varmt og fint ver. Tørke. Mens det er flom på Austlandet... perfekt.

Har gått mykje i bading, soling, blåbærplukking og reker. Fine dagar. I morgon blir det sightseeng langs Sognejorden. I helga brøllup til Marianne og Tor Egil.

Eg og Ingunn var faktisk ein tur til London i slutten av juni. For de som lurar på korleis det gjekk, så krangla vi berre ein gang. Ingunn hadde sjølvsagt feil. Ü Vi shoppa mest, men fekk med oss nokre kjente stadar og.

15/06/07- Skuleavslutning på Sanda. Eit år har gått og eg har hatt min siste dag med elevane på Sanda. Eg har lärt mykje denne vinteren, både som utövar og som menneske. Ingvar og Mikael har vore bra mentorar og kanksje det blir coachrollen eg til slutt satsar på? Trist å ta farvel med alle, men eg fekk ein stor fotokollage som no heng over senga mi...

Det har vore eit tungt år for meg med mykje sjukdom. Men alle ski- og orienteringselevar: dåke har vore det beste for meg denne vinteren! Eg blei alltid glad av å väre saman med dåke. Eg kjem til å sakne dåke alle. Lykke til vidare i livet!

28/05/07- Göril med startnummer og brikke!! I går sprang eg mitt förste löp for i år. Har vore så smått i gang med litt trening dei siste vekene. 20 min löping og litt styrke. Formen er ikkje mykje å skryte av men det kjenst bra. Sånn som det skal kjennast. For fyrste gong på fleire år....

Så når det skulle vere DM sprint for Västgötland i går tenkte eg at eg skulle vere med. Eg prövde å sei til meg sjölv at det ikkje var så viktig med resultat og sånne greier, at gjennomföringa o-teknisk var det einaste eg skulle tenke på. Men har ein ein gang fått smaken av det å vinne er det ikkje så lett å tenke at det víktigaste er å delta...

I allefall, det gjekk faktisk rett så bra veldig lenge. Tok igjen Cesilia Tommasen på fyrste post og måtte kjempe ein del med å kome inn i mitt eige löp. Korte strekk, lettlöpt terreng og asfalt er som det alltid har vore: GÖY! Först på slutten byrja eg å merke kjöret. Heldigvis (for meg) hadde H20 nesten same trase så eg hadde ein elev bak meg. Då kunne eg ikkje akkurat byrje å GÅ nokre steg! Sjölv om det var det eg mest hadde lyst til...

Hadde bra kontroll på Cesilia der framme og kunne eigentleg kontrollert löpet med sikker orientering inn i mål. Men på veg til nest siste synst eg Cesilia sprang for mykje rundt og eg ville heller kutte rett på. Det medförte at eg kom feil opp på stien og sto og gressa ved siste posten uten å forstå kvar eg var. Der sto eg godt i 1,5 min. Cesilia kunne iallefall springe i mål og vente der mens sigeren hennar var sikra. Eg fann til slutt steinen, som eigentleg låg rett ved vegen, og med ein uvan spurt (min kropp har ellers ikkje gjort noko anna enn å gå og jogge det siste halve året) i mål blei det til slutt ein 4 plass.

4 dobbelt i DM til Ulricehamn OK. Det gav meirsmak. Men eg må nok halde igjen litt...

panoramasol.jpg
Solnedgang på Eimind i sommar